mandag 21. oktober 2013

Kvifor, eg veit ikkje


Kvar einaste gong hende det. Ropa deira brøyt gjennom stillheita. Ein protest som ikkje kunne stoppas. Kvifor må vi læra nynorsk?Kvar gong for ein tanke gjennom hovudet mitt, stille, kvifor ikkje?

Eg har alltid lika nynorsk. Kvifor spør nokon, eg veit ikkje. Vener tenkjer tilbake til dei var små og vi alle sat føre fjernsynet og høyrde røyskatten frå Dyreskogen ropa: ikkje få panikk! Deira fyrste møte med nynorsk. Dei likte det, da. Men ikkje når dei sjølv måtte skrive. Dei likte å sjå og høyre, berre dei ikkje måtte bruke språket sjølv.

Nokon gonger seier eg det, høgt. Eg likar nynorsk, eg. Orda, eg likar korleis det høyrast ut. Likar korleis bokstavane er set saman. Men det er ikkje berre difor eg likar nynorsk. Dei andre er alle samde, alle dei som eigentleg er imot. Nynorsk er fint, når andre skriv eller talar. Det er fordi målet er så litterært, difor likar dei det. Ja, seier eg. Nynorsk høyrast fint ut. Men det er ikkje berre difor eg likar det. Dei forstår ikkje, ikkje heilt. Eg forstår det ikkje sjølv. Kan ikkje forklare kva eg meiner. Må eg vite det? 

Nokon gonger sit eg med en kjensle om at bokmål ikkje er målet mitt. Det har alltid vore der, men er har aldri valt det sjølv. For nokre år sidan leika eg med tanken om å skrive riksmål. Litt likt bokmål, men lika vel noko litt annleis. Ein leik med det språket eg alltid har skrive. Eit lite paradoks, eigentleg. For dei som skriv riksmål har aldri vore for nynorsk. Eg likar båe. Difor har eg skrive på nynorsk, for fyrste gong sidan vidaregåande. Kvifor ikkje?

(Orsak for moglege skrivefeil. Nynorsken og eg har ikkje vore ordentleg i samarbeid på alt for lenge)

2 kommentarer:

  1. gamle hus alltid er gamle hus ! dei er gret .. er du flink nok, eg trur det går bra .for meg er det som å finne nye og vakre lyder av ord, ikkje aleine . takk .bruno

    SvarSlett
  2. Dette likte eg kjempegodt, Linda! Du skriv så fint! :)

    SvarSlett